Mista lappen på den nye fv 60

Nyhende

Ein ungdom i byrjinga av 20-åra vart fotgjengar etter å ha køyrd i raskaste laget på den nybygde fv 60 mellom Olden og Ugla. UP heldt lasekontroll på den nye vegstrekninga tysdag kveld. Ungdomen som måtte gje frå seg førarkortet vart målt til 118 km/t i 80-sona.

UP melder om lite trafikk tysdag kveld, og fin køyring elles.