I dag samlar dei inn pengar

Russen tek eit krafttak mot kreft

Klare: Russen i Stryn er klare til å samle inn pengar for kreftsaka.  Foto: Silje Fløtre Reed

Førebur innsamling: F.v. Astrid Bjørke, Maria Thaule og aksjonsleiar Kari Skogen.  Foto: Silje Fløtre Reed

Nyhende

6. mars vil 70 av Stryn sine russar gå rundt i bygdene med bøsser for å samle inn pengar til Kreftforeningen. Tysdag var Tone Gjelsvik frå Kreftforeningen på Stryn VGS og snakka med ungdommen som skal samle inn pengar.

Elevane fekk vite om kva pengane skal gå til og korleis Kreftforeningen jobbar. Gjelsvik fortalde at ein av tre kreftpasientar får varige plager etter kreftbehandling, noko som Kreftforeningen no jobbar hardt med å forbetre. For 40 år sidan døydde dobbelt så mange av kreft som i dag. Dette på grunn av forsking og betre behandlingar som russen no vil samle inn midlar til.

Den viktigaste russeknuten

Elevane fekk også høyre at det å samle inn pengar til Kreftforeningen vil vere den viktigaste russeknuten, og russen er einige. Det var stort fokus på at russen ville både gjere ei stor samfunnsteneste og at dei vil slå innsamlinga som var i fjor. I fjor samla russen inn 190.080 kroner. Sogn og Fjordane og Hordaland samla inn til saman 6,5 millionar kroner under russeinnsamlinga i fjor. Kreftforeningen samla inn 74 millionar i fjor, og 80 % av desse på grunn av russeknuten ”krafttak mot kreft”

– For Kreftforeningen er russen utruleg viktig, dei timane de brukar på å samle inn pengar vil vere nokre av dei viktigaste timane i russetida. Kvar ei krone er viktig og kvar dør som blir banka på er viktig, seier Tone Gjelsvik frå Kreftforeningen til elevane. 6. mars vil elevar frå 2. året yrkesfag og 3. året studiespesialiserande gå rundt for å samle inn pengar, det vil også vere muleg å vippse og overføre til kreftforeininga.

Leiar for innsamlinga er Kari Skogen som går 3. året på studiespesialiserande. Ho oppfordrar alle til å ta imot bøsseberarane med godt humør og hugse på at pengane går til eit bra formål. Russen i Stryn var både motiverte og glade for å gå med bøsser trass i mange kommentarar og kviskring om det kalde været som herjar i Stryn.

– Russen vil vise samfunnsengasjement som å samle inn pengar til Kreftforeininga, og ikkje berre bruke russetida på tull, sjølv om vi ser fram til ei morosam russetid, seier ei smilande Kari til Fjordingen.