Semifinaledatoen er klar

Stella Birthe Poland skal opptre i den andre live-sendinga når Norske Talenter startar med semifinale-rundane.  Foto: TV2

Nyhende

Stella Birthe Poland kan fortelje til Fjordingen at det er klart at ho skal opptre i den andre live-sendinga, når Norske Talenter startar med semifinale-rundar. Dette blir fredag 13. april.

Sist fredag kunne vi sjå i opptak at ho tok seg vidare frå dommarutvelgelsen, etter nok ein gong å ha imponert med sitt harpespel.