Ambulansesaka

– Dette er ikkje greitt

Kutt i ambulanseberedskapen i Nordfjord vart diskutert i Helse- og sosialutvalet tysdag.

– Ikkje greitt På vegne av helse- og sosialutvalet skal Astrid Irene Hoffart (V) forfatte eit brev til Helse Førde om korleis dei ser på saka  Foto: Roger Oldeide

Nyhende

Helse og sosialsjef Heidi Vederhus nytta utvalsmøtet tysdag til å orientere om kutta i ambulanseberedskapen i Helse Førde.

Ho fortalde at kommunalsjefar i heile Nordfjord ikkje var orientert om beredskapskutta før dei las om det i media.

Det vart igjen peika på at nedlegginga av Nordfjord sjukehus skulle føre til styrking av ambulansetenestene, noko som står stikk i strid med kutta som vil råke heile fylket, men Nordfjord spesielt.

Orienterte Kommunalsjef Heidi Vederhus orienterte helse- og sosialutvalet om kutta i ambulanseberedskapen.   Foto: Roger Oldeide

Totalt er det snakk om fjerning av dagbilen i åtte veker i Stryn. Etter det Fjordingen kjenner til blir dagbilen fjerna seks veker i Eid og heile 16 veker i Vågsøy. I tillegg fjernast dagbilen 22 veker i Luster.  

– Ein kan snakke om flåtestyring, men kutt vil uansett påverke den totale beredskapsgraden, sa Vederhus.

Det vart poengtert at dette var noko som uroa befolkninga i Stryn. Mellom andre har gravide gitt uttrykk for at dei ikkje kjenner seg trygge på ein ambulanse kjem om behovet plutseleg skulle melde seg rundt termin.

– Folk vil ikkje flytte til Stryn og Nordfjord om dei ikkje kjenner seg trygge her. Eg synest kutta er uhøyrt og dette er noko må vi seie ifrå om, sa Astrid Irene Hoffart (V)

Utvalet kom fram til at dei vil forfatte eit skriv til Helse Førde med sine meiningar om beredskapskutta, ført i pennen av Hoffart.

Stryneordførar Sven Flo har tidlegare sagt at formannskapet vil invitere ambulansesjef i Helse Førde, Stian Sægrov, til eit møte om beredskapskutta.

– Vi må demme opp for ei slik uheldig utvikling. Eg vil og ta dette opp i Nordfjordrådet då dette er ei interkommunal problemstilling, sa Flo.