Fluorlux, Feel Free Production og Farmhouse saman om ny merkevare

Særpreg: – Kundar vil ha særpreg, seier Marta Myklebust (i midten), ansvarleg for produktutvikling i SignalNorway, her saman med Gro Flølo og Lena Kjøsnes.  Foto: SignalNorway

SignalNorway: Representantar for Farmhouse, Feel Free Production og Fluorlux, som har gått saman om den nye merkevara SignalNorway. Bak f.v.: Wenche Flølo, David Sigurdsson, Arnt Magne Fredheim, Jarl Even Eide, Oddmund Kjøsnes. Framme f.v.: Gro Caroline Flølo, Marta Myklebust, Lena Kjøsnes.  Foto: SignalNorway

Natur: Med naturen som hovudinspirasjon: Skjåk Allmenning hylle frå SignalNorway. Alle foto: SignalNorway  Foto: Farmhouse

Nyhende

Verksemdene Farmhouse, Feel Free Production og Fluorlux går no saman om SignalNorway, ei felles merkevare. – Interiør skal ikkje berre vere pent å sjå på. Det skal skape opplevingar og identitet, seier Gro Caroline Flølo frå Farmhouse, dagleg leiar i SignalNorway.

– Saman leverer vi design, produksjon og montering av interiørmiljø. I første omgang er hovudfokuset kommersielle og offentlege miljø som showrom, butikkar, kontor, hotell og liknande, seier dagleg leier Flølo.

Gro Caroline Flølo seier etterspørselen etter spesielle produkt og individuell behandling aukar og teknologiske nyvinningar i bedriftene har forenkla design, konstruksjonsarbeid og produksjon.

– Koblinga teknologi, materiale og kreativitet skapar nye mogelegheiter og kombinasjonar i møblar og interiør. Du kan i praksis velje det bildet/printet du ønskjer og få det integrert i møbelet ditt, seier Flølo.

– Kundar vil ha særpreg

SignalNorway skal designe og levere møblar og interiør som skal skilje seg ut og i seg sjølv vere små «destinasjonar», fortel Flølo.

Dette inneber m.a. design og produksjon av hyllesystem, møblar og anna inventar, tapet, bilde og foliedekor, messeutstyr, tavler, kontorutstyr og belysning.

Natur: Med naturen som hovudinspirasjon: Skjåk Allmenning hylle frå SignalNorway. Alle foto: SignalNorway  Foto: Farmhouse

– Kundar vil ha særpreg på produktet sitt. Vi går mot meir miljøvenleg «på bestilling»-produksjon, seier Marta Myklebust, ansvarleg for produktutvikling i SignalNorway.

Fordel

– «Norsk» er einsbetydande med kvalitet og tillit til produktet. Dette er ein stor fordel når SignalNorway framover og skal sjå på mogelegheitene for eksport, fortel Gro Caroline Flølo.

SignalNorway leverer produkt i fleire ulike materialar som treverk, plast og metall.

– Bruken av treverk er i fokus, både med omsyn til miljø og med tanke på alle mogelegheitene det gjev oss med dagens teknologi og produksjon, seier Flølo.

SignalNorway: Representantar for Farmhouse, Feel Free Production og Fluorlux, som har gått saman om den nye merkevara SignalNorway. Bak f.v.: Wenche Flølo, David Sigurdsson, Arnt Magne Fredheim, Jarl Even Eide, Oddmund Kjøsnes. Framme f.v.: Gro Caroline Flølo, Marta Myklebust, Lena Kjøsnes.  Foto: SignalNorway

Etterspurnaden avgjer

– No skal vi i fellesskap jobbe vidare med meir produktstandardisering og serieproduksjon, i tillegg til dagens skreddarsaum, seier Gro Caroline Flølo, dagleg leiar ved SignalNorway.

– Blir det også satsing mot privatmarknaden, inn i «dei tusen heimar», i framtida?

– Vi ser ikkje vekk frå at SignalNorway på sikt vil femne om både bedrifts- og privatmarknaden. Men det er den vidare produktutviklinga og etterspurnaden som avgjer dette.