For dårleg sikra last

Illustrasjonsbilde.  Foto: Bengt Flaten

Nyhende

Torsdag kveld gjennomførte Statens vegvesen ein ny tungtransportkontroll ved Kjøs bru.

Ein førar vart meld for brot på køyre- og kviletidsregelverket. Føraren fekk i tillegg to advarslar for mindre brot på same regelverk.

Ein førar fekk munnleg advarsel for brot på køyre- og kviletidsregelverket, ein førar måtte sikre lasta betre før vidare køyring, og ein førar måtte rydde siktsona si for han fekk halde fram turen.

I alt vart 10 køyretøy kontrollerte.