Innfører forbod mot døgnparkering ved Strynehallen

Men arrangørar kan søkje om å leige parkeringsplass til større arrangement.

Samrøystes Leiv Arne Egset (Sp) Per Kjøllesdal (Sp) og resten av utvalet var samd om forbod  Foto: Roger Oldeide

Nyhende

Norsk bubilforeining reagerte då Stryn kommune ville innføre døgnpris på 500 kroner for parkering ved Strynehallen. Skule- og kulturutvalet handsama saka på nytt tysdag. Innstillinga frå rådmannen var å innføre forbod mot døgnparkering. Årsaka skal mellom anna vere at det blir vanskeleg for kommunen å drive pengeinnkrevjing, samt å kontrollere om dei som campar har betalt avgift for å stå der.

– Uteområdet er tiltenkt korttidsparkering, busstransport for elevar til Tonning skule og handlande i sentrum. Vi vil dessutan ikkje gå campingplassane i næringa. Eg støttar tilrådinga, sa Leiv Arne Egset (Sp)

Eit samrøystes utval stilte seg bak tilrådinga;

1. Det vert innført forbod om camping/overnatting på uteområdet ved Strynehallen. Forbodet vert å gjelde frå 1. mai 2018. Det vert utarbeidd skilt som syner forbodet på plassen.

2. Leige av parkeringsplass m/overnatting kan arrangør søkje Stryn kommune om i samband med større arrangement. Søknad skal sendast inn seinast 1 månad før arrangementet skal avviklast. Pris etter vedteke regelverk (KS-109/17) Roger Oldeide