Glede i Fjordingen over auka oppslutning om avisa:

Opplagsauke og fleire lesarar

Takkar medarbeidarane: Etter fleire år med nedgang kom Fjordingen ut med pluss både for opplag og lesartal. – Eit resultat av godt arbeid frå heile staben, rosar redaktør Bengt Flaten (t.v.). Vidare f.v. Thomas Thaule, Gunnhild Sindre, Roger Oldeide, Roy Aron Myklebust og Ove André Aarskog. Ikkje var til stades då bildet vart teke: Sigrid Heggestad, Elisabet Sandbakk Lunde og Mariann Nedre-Flo.  Foto: Fjordingen

Nyhende

105 norske aviser opplevde auka opplag i 2017. Fjordingen er ein av dei.

Etter mange år med nedgang i avisopplaget, kan Fjordingen som ein av 105 norske aviser gle seg over positive tal. Opplagstala som vart offentleg onsdag, viser at Fjordingen som ein av fem aviser i Sogn og Fjordane kan gle seg over auke.

– Auken er ikkje så stor, 13 eksemplar, men er likevel svært viktig, seier redaktør og dagleg leiar Bengt Flaten. Fjordingen har no eit godkjend opplag på 3.734 eksemplar.

Samtidig med opplagstala, vart også lesartala presenterte onsdag. Dei baserer seg på telefonintervju. Også her opplever Fjordingen ein auke, frå 10.000 til 10.800 daglege lesarar.

Redaktøren seier at trenden i landet med auka oppslutning om avislesing viser at folk set pris på lokal journalistikk.

Ikkje planar om fleire kutt

– Dei aller fleste mediehus har vore gjennom store omveltningar dei siste åra. Det gjeld også Fjordingen. Vi har som mange andre vore tvinga til å redusere kostnader samtidig som vi har auka fokuset på at journalistikken vår vert laga for abonnentane og dei som betaler. Ein stadig større del av nettsakene hos oss og andre mediehus er no såkalla betalsaker. Abonnentane våre vert stadig flinklare til å nytte desse tilboda, der dei kan lese nyhende og få tilgang til annonser både på papir og digitalt.

– Fjordingen har nedbemanna siste åra? Betyr gode tal at det ikkje vert nye kutt?

– Vi har måtte redusere staben med mellom to og tre årsverk siste åra, noko som dessverre har råka tre tilsette. No ser situasjonen betydeleg betre ut enn på lenge, der både opplagsinntekter og annonseinntekter viser god utvikling. Det er eit godt signal om at abonnentane og annonsørane ser verdien av lokalavisa si. Dermed har vi heller ikkje planar om fleire kutt. No gler vi oss over utviklinga og ser i fellesskap fram til framleis å lage godt redaksjonelt innhald og vere attraktiv salskanal for annonsørane våre, seier Flaten.

Opplagstal 2017

Firda 10.944 (+ 71)

Firda Tidend 2.853 (- 53)

Firdaposten 4.749 (+ 42)

Fjordabladet 2.470 (+ 34)

Fj. Tidende 4.472 (+ 69)

Fjordingen 3.734 (+ 13)

Sogn Avis 8.772 (- 221)

Ytre Sogn Avis 1.415 (- 42)

Sunnmørsposten 24.419 (+ 282)

Sunnmøringen 1.648 (- 26)

Vikebl. Vestposten 3.660 (-108)

Møre-Nytt 4.560 (- 294)

Møre 3.162 (- 45)