Arbeidsuhell ved Nordfjord Kjøtt

Nyhende

Ein tilsett ved Nordfjord Kjøtt vart sendt til Førde sentralsjukehus i ambulanse etter eit arbeidsuhell fredag.

- Vedkomande fekk armen i klem i samband med stopp på ein maskin. Skadeomfanget er ukjend, opplyser politibetjent Eirik Krossen.

Han seier at politiet har ein formeining om korleis skaden skjedde, men ønskjer ikkje seie meir om dette før dei har fått snakka med den skadde.

Nordfjord Kjøtt har rutinemessig varsla Arbeidstilsynet.