Young Star i Holmenkollen

Fire av sju "young-stars" er frå indre Nordfjord

Om ei god veke skal dei 30 beste gutane og 30 beste jentene i 15- og 16-årsklassa konkurrere i Holmenkollanlegget når det er klart for årets Young Star. Seks av dei kjem frå Nordfjord.  Foto: Roy Aron Myklebust

Nyhende

Markaneløparane Maren Hjelmeset Kirkeeide, Emilie Flo Stavik og Oskar Guddal Breivik, samt Gunn Kristi Tvinnereim frå Hardbagg IL, er klare for Young Star i Holmenkollen neste helg.

Young Star er eit skiskyttarrenn der dei 30 beste 15- og 16- åringene i landet får gå. Region vest, Hordaland og Sogn og Fjordane, har tre plassar i guteklassen og fire plassar i jenteklassen. Også to av dei tre siste plassane går til nordfjordingar, Bendik Vereide og Lasse Flo Bødal frå Stårheim IL skal også bryne seg mot dei beste i Holmenkollen.

Eirik Hjartnes frå Hålandsdal IL er sjuande- og sistemann som er utteken frå vår region. Rennet går 17. mars i samband med World Cup-helga, og blir sendt på NRK 18. mars.

I 2015 klarte Aksel Mathias Meland frå Markane IL bragden å gå heilt til topps. Løpet går som fellesstart.