Suverent UM-gull til Mathias

UM-gull: Mathias Melheim var suveren i UM i friidrett, innandørs, i Steinkjer.   Foto: Rune Helle

Nyhende

Mathias Melheim frå Olden tok ein overbevisande gullmedalje i kule då UM i friidrett vart arrangert i Steinkjer i helga.

Melheim deltok i klasse M18/19, og oldaren sette like godt ny personleg rekord i meisterskapet. Han støytte 6kilos-kula heile 16.14 meter, noko som er ei forbetring av den personlege rekorden på heile 1,52 meter.

– UM har vore eit delmål, og eg har fått trent jamt og godt sidan i haust. Formen er nokså god, men hovudmåla kjem utandørs, med junior-NM som det største, seier Mathias til lokalavisa.

Sølv til Steffen

Broren Steffen Melheim tok sølv i klassen for 15-åringar. Han var berre 25 cm frå gull i kule. Vinnaren, Sander Bjørbekk Skarland, Overhalla IL, støytte kula på fire kilo 15,98 meter. Steffen enda på 15.73 meter, som er over ein meter betre enn det han har prestert tidlegare.