Skal tilby SFO utanom skuleruta

Tunåsen barnehage i Hornindal.  Foto: Harald Vartdal

Nyhende

Tunåsen barnehage i Hornindal ønskjer å tilby SFO (skulefritidsordning) utanom ordinært skuleår, til søsken av born med plass i barnehagen. Dette kjem fram i ein avtale signert av kommunen og barnehageleiinga.

Ordninga er privat og det blir presisert i avtalen at SFO-en er på Tunåsen barnehage AS si eiga rekning og for eigen risiko, kommunen kan ikkje stillast økonomisk ansvarleg for ordninga, dei har vidare ansvar for å teikne naudsynt forsikring for borna som er del av ordninga og barnehagen har det fulle og heile ansvaret med bemanning og tilsyn.

Avtalen er signert av rådmann, Ann Kristin Langeland, og eigar av Tunåsen barnehage, Marit Førde Lødemel.