Klart for Klypa i kulturhuset

Kjellen gler seg til strynebesøk

Kjellen Bigset - Klypa til Stryn

Nyhende

- Klypa og Kjell «Kjellen» Bigset ladar kanonene, og sprengjer ut eit splitter nytt humorshow.

Slik innleier Thomas Ryste pressemeldinga om "Kjellen- med prostata mot stjernene", som no vitjar Stryn kulturhus. Saman med dei kjende karakterane i Klypa-universet har han gjort suksess "land og strand" det siste halvtanna året.

- Med Kjellen i hovudrolla og i fri dressur, er det duka for eit skikkelig oppgjer med det moderne liv. Gjennom Kjellen sine auge får vi eit unikt skråblikk på den til tider vanskelege reisa gjennom livet. Her vil nok dei fleste kjenne seg att. Vi får sjølvsagt også helse på livssnyltaren Palle, saman med eit par heilt nye ansikt i Klypa-universet, fortel Ryste.

Ørjan Liavåg har denne gongen vore med som regissør, musikkprodusent og sparringpartner på tekst. Liavåg har lang erfaring i humor-bransjen, og har samarbeidd med artistar som Marit Voldsæter, Ina Breivik, Fredrik Steen og Christine Hope.

- I showet «Med Prostata Mot Stjernene» bør publikum gjere seg klar for nye hysteriske augneblink, med Kjellen som dirigent, nyforelska og i sitt livs form! Rett og slett Meeeeget oppegåande! seier Ryste.