Med fokus på sikkerheit

Nasjonal kontrollveke: Politibetjent Eirik Krossen ved Stryn og Hornindal lensmannskontor håpar å møte på godt sikra bilistar og passasjerar.  Foto: Bengt Flaten (arkiv)

Nyhende

Denne veka gjennomfører politi over heile landet nasjonal kontrollveke med fokus på sikkerheit.

Det betyr også at lensmannskontoret i Stryn og Hornindal kjem til å halde kontrollar i løpet av veka.

- Bruk dei tre sekunda ekstra på å sikre deg sjølv, og bruk dei 10 ekstra sekunda det tek til å sørge for at alle passasjerane er sikra, oppfordrar politibetjent Eirik Krossen ved lensmannskontoret. Han ser fram til å møte godt sikra bilistar og passasjerar i tida framover.

- Då slepp politiet å opne gebyrblokka, og det er det beste, seier Krossen.

Tysdag ettermiddag gjennomførte politiet ein kontroll med fokus på nettopp sikkerheit ved Loen skule. 30 bilførarar vart kontrollerte. Ingen reaksjonar, melder politiet på Twitter.