Olden skule framførte ny song:

Rørt til tårer av song om anti-mobbing

Føre ein fullsett sal song born og ungdom om å ta ansvar og vise respekt

Rekk ut ei hand - framført av Olden skule

Nyhende

I høve opning av ny bolk ved Olden skule fredag, hadde elevane framsyning av ulike innslag.

Skule- og kultursjef i Stryn kommune, Hilde Lødøen, var på plass og heldt tale for elevane og dei frammøtte om tema for dagen.

– De som er elevar har rett til å kjenne tryggleik og har rett til å trivast, men verken rektor eller lærarane veit korleis nettopp du har det. Difor er det viktig at du seier ifrå om ikkje alt er ok, og seier ifrå om andre ikkje har det ok, understreka Lødøen.

Song Fatima Saiboonmee, Bjørn Asle Hoddevik, Andreas Bøe Røyrvik, Henrik Melheim, Amalie Erstad Hole, Natalia Orlayova, Ingrun Agjeld, Maya E. Løken, Benedicte Gjerde Nesdal, Sivert Vindfjell Frøholm, Håvard J. Hilde og Peder Reme. Framme f.v.: Sedna Emilia Lipai, Stanislav Berlowski, Henrik Kjellevold, Ariel Erstad Hole, Tuva E. Hansen Vanberg, Signe Kårstad, Mia Kristiansen, Emil Rustøen, Aleksander Sunde og Kristian Sunde Reme  Foto: Roger Oldeide

Ho viste til at elevane ved Olden skule har fått pris for lese-eigenskapane sine etter mykje øving.

– På same måte må vi øve på å respektere kvarandre og vere snille med kvarandre. Det veit eg at de er flinke til på Olden skule, sa Lødøen.

Rørt etter urframføring

Skuleinspektør Britt Lyslo Bøe nytta høvet til å introdusere ein heilt ny song; «Rekk ut ei hand».

– Olden skule er ein PALS-skule og det betyr at vi set positiv åtferd i sentrum. Vi har vore så heldige å få Rogeir Haugen til å lage ein eigen PALS-song for oss, sa Bøe.

Ho overrekte blomar til den lokale tekstforfattaren før alle elevane hadde urframføring av songen med eit evigaktuelt tema.

– Eg vart faktisk litt rørt, sa tekstforfattaren Rogeir Haugen.

Rørt Rogeir Haugen (i midten) har skrive songen «Rekk ut ei hand» for Olden skule. Inspektørane Britt Lyslo Bøe og Terje Raftevold var rørt etter urframføringa av songen fredag.  Foto: Roger Oldeide

– Eg vart rørt til tårer av denne vakre songen, sa studieinspektør Terje Raftevold.

– Viktig fokus

– PALS handlar om å setje lys på det som er viktig for eit godt skulemiljø. Ved å ha fokus på positiv åtferd og gode tilbakemeldingar så førebyggjer vi gode læringsmiljø, forklarar Bøe.

Skulen, med 170 elevar, innførte PALS-programmet (Positiv åtferd, støttande læringsmiljø og samhandling) i 2013 og melder om gode resultat.

– Noko er skjedd. Vi er blitt flinkare til å rose kvarandre og legge til rette for eit godt læringsmiljø, seier Bøe.

Elevane sjølve likte songen og synest det er bra med fokus på det ein kan kalle god folkeskikk.

– Vi synest songen er veldig fin. Den handlar om kor viktig det er å vere snille med kvarandre, sa elevane som har øvd på songen i to veker.


REKK UT EI HAND

Melodi og tekst: Rogeir Haugen / mixa av Hans-Christian Humberset

Det finns ein av deg og ein av meg, vil alltid vere slik,

at sjølv om vi er mange, så er kvar og ein unik.

Om du kjem ifrå eit anna land, er liten eller stor,

så skal vi alle vite, vi er barn av same jord.

Refr:

Rekk ut ei hand, del ut eit «hei».

Ta deg litt tid om nokon er lei,

Og ikkje ver den som berre går forbi.

Du vil føle deg rik med alt du får igjen,

det kostar så lite å vere ein venn.

For i livet er det det som har verdi.

Det finns reglar her og reglar der, vert sett så mange krav,

men ein dag vil vi lure på, kor vart den tida av?

For alt det som vi lærer, er bagasje vi tek med,

på vegen ut i livet, å gjere oss førebudd på det.

Refr:

Rekk ut ei hand …

Så når ei sol går opp, ei sol går ned, å dagane forsvinn,

då vil vi kanskje minnast, med eit takk i våre sinn.

At dei ting som vi får lære nå, som gjer livet kjekt,

er det å vise omsorg, ta ansvar og ha respekt.

Refr:

Rekk ut ei hand …