x2 festivalen

Vil ha basehopping til Stryn

Ekstremsportfestival har søkt om landingsløyve for helikopter på Marsåhyrna og Avleinsfjellet

Basehopp Espen Fadnes kaster seg ut frå Marsåhyrna i Stryn  Foto: Joerg Mitter (Akrivfoto)

Nyhende

X2 Festivalen har søkt om landingsløyve for helikopter på Marsåhyrna i samband med årets X2 som går av stabelen i april.

Festivalen, som omtalar seg som eit nasjonalt møtepunkt for deltakarar innan friluftsliv og ekstremsport, tilbyr i år omlag 45 sportsarrangement i Volda, Ørsta, Stranda, Stryn og Ulstein.

I søknaden til Stryn kommune skriv dei at festivalen i ei årrekkje har nytta Hellesylt og Helsetkopen som lokalisering av tre luftaktivitetar; BASE, speedflying og fallskjermhopping. No ønskjer X2 festivalen å arrangerere dei luftige aktivitetane på tre ulike lokasjonar i Stryn

- I 2018 har vi bestemt oss for å fytte desse aktivitetane til Loen i Stryn. Skyliften på Hoven er bakgrunnen for denne relokaliseringa av luftaktivitetane, skriv arrangøren som ønskjer tre dagar med aktivitet på Hoven i april.

Sjå video: Basehopp frå Hoven

I tillegg søkjer arrangøren om løyve til å lande med helikopter på Marsåhyrna og på Avleinsfjellet.

- Vi har valt fjell som gir deltakarane trygge rammer og svært visuell oppleving av omgjevnadane. I tillegg til å avvikle gode konkurransar er det ei målsetting for festivalen å filme våre luftaktivitetar. Festivalen ynskjer å bidra til positiv merksemd og da er val av visuelt vakre locations viktig, heiter det av søknaden.


Slik ser eit basehopp frå Marsåhyrna ut. (Youtube)