Tysdag starta jobben med å reparere taket på Loen kyrkje. Stryn kommune har løyvd ein million kroner i prosjektmidlar til restaureringa.

Det er firmaet Stokk & Stein på Lom som står for arbeidet. Firmaet, som har fire mann arbeid i Loen, har lang erfaring med restaurering av mellom anna kyrkjebygg og har hatt fleire oppdrag for Riksantikvaren.

Lekkasje og ròte

– Grunnen til at det no er sett i gang rehabilitering av taket er at det vart oppdaga lekkasje og ròteskade i takkonstruksjonen, fortel avtroppande kyrkjeverje i Stryn, Børre Lian. Han trur arbeidet med taket vil ta minst to månader, avhengig om ein finn meir skade på tak- og berekonstruksjonane.

Må sjå an tilstanden

– No skal vi legge nytt, tett undertak og legge noko ny skiferstein, men mesteparten av skifersteinen på taket skal brukast opp att, seier Bernd Kirchner i Stokk & Stein.

– Takrenner, nedløp med meir er også noko vi skal sjå på. Kor omfattande arbeidet blir er vanskeleg å seie, vi må nesten sjå an kor store skadane eventuelt er, fortel Kirchner vidare. Det betyr at han heller ikkje kan seie kor tid dei reknar med å vere ferdige med arbeidet som kan vere omfattande.

Kirchner seier at firmaet har utført vedlikehaldsarbeid på kyrkja tidlegare.

– Vi har reparert i berekonstruksjonen før. Om taket som ligg der no er originalt kan ikkje Kirchner seie sikkert, men truleg har det blitt flikka på ved fleire høve sidan kyrkja stod ferdig i 1837.

Arbeider tørt

I forkant av restaureringsarbeidet har Bjørnar Sæten og Ruben Briksdal i Stryn Eiendom entreprenør sett opp stillas rundt heile kyrkja og lagt duk over taket. Dermed treng ikkje dei fire arbeidarane som starta tysdag å bekymre seg for regn eller snø.