Sommarstengd barnehage:

– Forstår at det er vanskeleg

Kommunalsjef for Skule- og kultur, Hilde Lødøen. Foto: Gunnhild Sindre  Foto: Gunnhild Sindre

Nyhende

Kommunalsjef for skule og kultur, Hilde Lødøen, seier Stryn kommune vil løfte saka om fire veker sommarstenging i barnehagar i neste budsjettrunde

Hilde Lødøen forstår at familiar har utfordringar i høve fire veker stenging av barnehagar i juli slik foreldrerådet ved Vikalida barnehage tek opp i eit brev til kommunen. Lødøen seier dei vil få svar på henvendinga innan kort tid.