I tillegg til ønskje om ei kryssløysing i Utvik, er det i hovudsak E39 traséen mellom elva i Utvik til elva i Innvik det per i dag ikkje er semje om.

– Poenget er å unngå så mykje dyrka mark som mogleg og det burde vere fullt mogleg å få til, seier Per Kjøllesdal (Sp)

Han meiner traséen, slik Statens vegvesen har foreslått, ligg for lågt i terrenget og tek dyrka mark i både Utvik og i Innvik.Kjøllesdal, som sjølv bur i Utvik, meiner at ved å legge vegen om lag 50 meter høgare i terrenget vil ein unngå dette.

– Vegvesenet seier mellom anna at det vil bli ein betre vinterveg ved å legge den der, men å legge den 50 meter lenger opp vil vere så marginalt at vi ønskjer å få dette alternativet utgreidd ut, seier Kjøllesdal.

I Utvik Per Kjøllesdal vil sjølv få E39 like over garden sin i Utvik. Han meiner at ved å legge vegen 50 meter høgare vil problema med veg over dyrka mark i både Innvik og Utvik vere løyste. Foto: Roger Oldeide

Han viser til ein rapport, utarbeidd av Norconsult, at eit øvre alternativ stettar alle krav til stigningsforhold, kurvatur etc. som dagens vegnormalar stiller.

Forstår ikkje motstanden

Under sist kommunestyre la han fram følgande framlegg til prøverøysting;

– Av omsyn til jordvern og lett tilgjengelegheit til E39, krev Stryn kommune at Statens vegvesen greier ut ei øvre linje med utgangspunkt i Norconsult sin rapport.

Med berre sju røyster måtte Kjøllesdal trekke forslaget.

E39 i innvik Utsnittet viser korleis Norconsult ser for seg at den alternative E39 traseen bør gå. Vegen går i overkant av dyrka mark (gule felt) før den går inn i tunnel ved Reme i Innvik til Frøholm der brua til Svarstad kjem. Foto: Sindre Blindheim / Norconsult

– Eg forstår ikkje motstanden til å sjå på dette alternativet. Det er eit enormt prosjekt og ein stor inngriping så det er veldig synd om ein tråkkar feil, seier Kjøllesdal.

– Siste ord er ikkje sagt

– Statens vegvesen seier dei ikkje vil greie ut alternative trasear før etter høyringsrunden til hausten. Blir motstanden stor i Utvik og Innvik til traséløysinga som ligg føre, trur du?

– Det skulle overraske meg veldig om den ikkje blir det. Eg trur nok at jordverninteressene kjem til å vere betydeleg meir engasjerte enn dei har vore til no. Per i dag er jo dette berre ein usikker strek på eit kart. Det var i alle fall samrøystes frå Vikane etter den første høyringa at vi ville ha ein trasé overfor dyrkamark, seier Kjøllesdal.

Han hadde håpa på ei utgreiing av den alternative traséen no, men vil ikkje gi seg.

– Siste ord er ikkje sagt i denne saka, fastslår Kjøllesdal.

Les også: Slik blir brua over Nordfjord