Slik er basehopping frå Hoven

Basehoppkurs frå Hoven i Loen

Nyhende

Denne veka held Espen Fadnes kurs for seks basehopparar frå ulike delar av verda. Utgangspunktet for kurset er Hoven og Loen.

- Dette er eit kurs der hopparane skal bli dyktigare på førebuingar, rutinar og det å utføre trygge hopp. Her i Loen er det relativt enkelt å lande, det er ein fordel. Vi pratar om og ser gjennom hoppa på video og kjem oss raskt opp att på Hoven og gjennomfører nye hopp, så staden er perfekt for eit slikt kurs, fortel Fadnes.

Han har vore basehoppar i 17 år og har om lag 1.000 hopp bak seg. Han har fleire gonger tidlegare hoppa frå Hoven, også før skyliften kom på plass.

- Lett tilkomst og mulegheita til mange hopp på ein dag gjer Hoven attraktivt for basehopparar, seier kursdeltakar Mat Greene frå Ohio i USA. Han har allereie gjennomført fleire hopp denne veka.

Fadnes trur at Loen kan bli eit senter for basehopping grunna den enkle tilkomsten.

Meir om basehoppkurset i papiravisa.