Alkohollova stod sentralt i Helse- og sosialutvalet i Stryn tysdag, der mellom anna seks rapporterte brot på alkohollova vart handsama. Brot på forbod om alkoholreklame var tema både hjå Hotel Alexandra, Restaurant 34, Restaurant Hoven og Napoli Pizzeria.

Det vart poengtert at liknande brot ikkje hadde vore handsama i utvalet tidlegare og at ein difor ville legge lista for straff på slike brot.

Rådmannen hadde tilrådd ein prikk til kvar av skjenkestadane for forholdet. Utvalet kom fram til at det var forskjellar på kor framståande reklamen var på dei ulike plassane.

Brot på alkohollova Utvalet slo fast at dette er alkoholreklame og vedtok ein prikk i straff. Resten slapp med ei åtvaring. Foto: Securitas

Jan Træen (Ap) ville i første omgang gje alle ein skriftleg åtvaring i staden for prikk, noko utvalet var samde i.

Forskjellen var tilfellet ved Hoven Restaurant der utvalet slo fast at der var det tydeleg alkoholreklame og vedtok å gi ein prikk i straff. Prikken står til 24.04.2020.

Mistar skjenkeløyve

I saka mot Yris Kafè i Olden var det politiet som hadde rapportert inn brot på alkohollova. Av beskrivelsen går det fram at det skal ha vore gjestar og konsumering av alkohol i lokalet kl. 03.20 ein laurdagskveld i mars.

I saksframlegget uttalar innehavaren at han såg på selskapet som eit privat anliggande og tenkte difor ikkje på tida eller problematiserte at han sjølv var ein del av selskapet.

Tilrådinga frå rådmannen var å straffe desse to forholda med seks prikkar (4 + 2) men Inge Arne Bøe (H) tok til orde for at straffa var for låg og la til grunn at utvalet tidlegare har straffa andre løyvehavarar hardare for mildare brot.

– Løyve skal vere lett å få og lett å miste

– Hadde saka vore handsama før prikksystemet vart innført, ville det ført til inndraging av skjenkeløyvet, sa Bøe. Han gjekk inn for eit endringsframlegg på å gi løyvehavar 12 prikkar som betyr at skjenkeløyvet vert inndrege for ei veke. Jan Træen var samd i at tilrådinga var for snill.

– Vi har vore tydelege på at løyve skal vere lett å få og lett å miste, sa Træen.

Det vart vist til at lovverket gir kommunen rom til å vurdere talet på prikkar i enkelte høve. Utvalet var samrøystes i at det blir gitt 12 prikkar for forholda og tre veker klagefrist, i henhald til lova.

Om ein løyvehavar over ein to års periode vert tildelt 12 prikkar, skal løyvet inndragast for ei veke.