Det er klart for den andre Nordfjord cupen i handball denne helga.

Førre helg var den eldste aldersgruppa, 12–16 år, i aksjon. Denne gong er det dei yngste klassane (9-11 år) som inntek Strynehallen.

19 klubbar

Stryn stiller sjølvsagt med mange lag på cupen, slik klubben gjorde førre helg. Lokale klubbar som Eid og Sandane er også representert.

For desse klassane er det ikkje sluttspel, men det vil garantert bli fleire artige og spennande kampar likevel.

Desse klubbane deltek

Stryn, Aksla, Bergsøy, Eid, Fiskerstrand, Godøy, Haram, Hødd, Jølster, Kvam, Molde, Rival, Rollon, Sandane, Skjåk, Sykkylven, Volda, Ørsta og Åmdal.

58 lag stiller i turneringa.