Stryn får ei skikkeleg utfordring allereie i andre serierunde når opprykksfavoritt Fjøra kjem på besøk.

Sogningane, som rykte ned frå 3. divisjon i fjor, vann oppskriftsmessig 3-1 heime mot Tornado Måløy i første serierunde. Mot Stryn må laget finne seg i å ha favorittstempelet.

– Vi er klare

– Vi er klare til kampen mot Fjøra, seier ein optimistisk strynetrenar Geir Inge Rake til Fjordingen. Han forventar eit tøft oppgjer mot opprykkskandidaten frå Sogndal.

– Vi spelar på heimebane, og dersom vi er fokuserte og er «på hogget» har vi gode mulegheiter, meiner Rake. Han seier at det var viktig for Stryn med det gode resultatet mot Dale førre helg (siger 5-1).

– Vi tek den gode opplevinga mot Dale med oss inn mot denne kampen, fortel Rake.

Hopland skada

Vegard Hopland er framleis ikkje heilt kvitt lyskeskaden han slit med, og om han spelar blir bestemt etter trening fredag. Eirk Sæten (rygg) og Emil Allesøe er også usikre.