I verste fall kan resten av sesongen ryke for Stryn sin kaptein Emil Allesøe.

Det var i sluttsekunda av Kretsligakampen mellom Stryn og Fjøra sist helg at Allesøe pådrog seg det som kan vere ein langvarig skade.

– Eg kjente noko på baksida av låret, men sidan det var så kort tid att av kampen var det berre å bite tennene saman. Eg skulle springe opp den siste kontringa, og då høyrde eg at det small i låret, og så vart alt svart, seier Emil Allesøe sjølv. No blir det minst seks veker på sidelinja, kanskje meir.

– Eg har jo hatt strekk før, men eg visste eigentleg med ein gong at dette var noko verre enn ein vanleg strekk. Er eg heldig blir det seks veker ute, er eg uheldig kan heile sesongen ryke, seier Allesøe.

Stryn sin trenar, Geir Inge Rake, seier at det ikkje er gunstig å miste kapteinen, men at det mest av alt er trasig for spelaren sjølv.

– Emil er den på midtbana som samlar laget og er den positive når det buttar i mot. Men slikt skjer, og dermed må berre andre ta meir ansvar, seier Rake. Han må no stable om på laget når Stryn møter Årdal på bortebane laurdag. Begge laga står med ein siger og eitt tap så langt i Kretsligaen.