Får catskiing

Stryn er valt ut som ein av seks kommunar som får tilbodet

Stryn Sommarski Dette skianlegget blir eitt av seks i landet som får catskiing   Foto: EMIL ERIKSSON

Nyhende

I eit brev til Stryn kommune kunngjer Miljødirektoratet at Stryn kommune er valt ut som ein av seks kommunar som får delta i forsøk med kommunale beltebilløyper for catskiing.

Stryn kommune søkte inn Stryn sommarskisenter som kandidat for den seks år lange prøveordninga. Årsaka var at kommunen meinte sommarskisenteret ville vere den sterkaste kandidaten for Stryn.

Direktoratet skriv at dei har mottatt søknad frå sju kommunar som ønskjer å delta i forsøket.

- I val av kommunar har vi lagt vekt på overordna kriterium som geografisk spredning og kommuner som ser ulike utfordringar og moglegheiter ved etablering av beltebilløyper.

Miljødirektoratet har med bakgrunn i dette valgt å gi forskriftsmyndighet til følgende forsøkskommunar:

  • Stryn kommune
  • Jølster kommune
  • Eid kommune
  • Surnadal kommune
  • Vang kommune
  • Oppdal kommune

Miljødirektoratet presiserer i skrivet at dei ikkje har realitetsbehandla søknadene eller foretatt nokon form for vurdering av om forslaga er gjennomførbare.

Miljødirektoratet informerer i brevet om at dei vil halde eit orienteringsmøte 5. juni i Miljødirektoratets lokale i Trondheim der ein tek sikte på ein gjennomgang av regelverket og rammene for forsøket.