Stryn møtte Jotun på Stryn stadion onsdag. Heimelaget gjekk ut i hundre, og før kampen var seks minutt gamal hadde Stryn funne vegen til nettmaskene to gonger. To kanonkuler frå Anna Johannsdottir og Kaisa Wemby sørga for ein pangstart for Halvard Bøe sitt lag.

Bortelaget såg ikkje ut til å ha fått den lange bussturen ut av beina, og det gjekk over eit kvarter før laget fekk ein sjanse. Den var til gjengjeld stor, men Stryn fekk avklart den farlege corneren i siste sekund.

Saideh Tajik hadde to kjempesjansar til å auke leiinga for Stryn, men i staden reduserte bortelaget åtte minutt før halvtid. Dermed var kampen heilt open då laga gjekk til pause.

Stryn kontrollerte

Stryn hadde god kontroll etter pause, og etter 58 minutt sprang Mariell Taraldset i bakrom etter ein glimrande stikkpasning frå Hedda Vatn Øvreberg. Åleine med keeper gjorde høgrevingen ingen feil, og 3–1 var eit faktum.

Heimelaget produserte fleire gode sjansar utover i omgangen, og spesielt pasningane som kom i bakrom var vanskeleg for Jotundamene å demme opp for. Fleire mål vart det likevel ikkje, og Stryn tok dermed ein ny trepoengar, noko som var fullt fortent.

– Vi heva oss i 2. omgang og fekk god kontroll på Jotun. Ein godt gjennomført kamp, seier kaptein Astrid Solheim Bjørke.

– Ikkje vår beste prestasjon i år, men etter pause var vi gode, og vi greidde å utbytte dei raske kantspelarane våre, seier trenar Halvard Bøe. Han gav også sjansen til Marie Johannsdottir og Emma Njøten etter pause, og begge greidde seg svært godt i sin første seniorkamp.

Neste kamp for Stryn er borte mot Førde 18. mai.

Stryn slo Jotun 3-1 på Stryn stadion onsdag. F.v. debutant Marie Johannsdottir, Hedda Vatn Øvreberg som vart dagens strynespelar, og Anna Johannsdottir.