Kostbart å ha det travelt

Nyhende

Ein utanlandsk sjåfør hadde det travelt då han skulle rekke ferja til Geiranger onsdag ettermiddag. Han rakk neppe den ferjeavgangen han hadde tenkt, og turen vart dyrare då politiet målte farta til 107 km/t i gjennomsnitt over ei strekning på ein kilometer i 80-sona ved Svor i Hornindal.