Stryn sitt 3. divisjonslag for damer har fått ein god start på sesongen, og Halvard Bøe sitt lag er utan tap på dei tre første kampane. Med to sigrar og ein uavgjort har laget plassert seg på andreplass på tabellen. Fredag ventar Jotun på motsett banehalvdel på Stryn stadion.

For Stryn er Jotun eit ubeskrive blad, og trenar Halvard Bøe er spent på kva laget har å by på.

– Jotun er eit av dei nye laga i serien, og dei har begynt godt med to sigrar og to «heiderlege tap» mot gode lag som Førde og Studentspretten. Så dette blir ingen «walk in the park», seier Halvard Bøe, som har nokre forfall til oppgjeret.

– Vi har god tru inn mot denne kampen, seier Bøe.

Kampen var opprinneleg sett opp fredag, men er altså flytta til onsdag.