Fjordingen:

Vil møte lesarar i Utvik

- Vi vil ha tips, ris og ros, seier lokalavisa sine utskremde

Kjem til ei bygd nær deg Marknadssjef Ove André Aarskog og journalist Roy Aron Myklebust   Foto: Roger Oldeide

Nyhende

I dag onsdag kjem marknadssjef Ove André Aarskog og journalist Roy Aron Myklebust til Joker Utvik / Kafè Sjøatunet ( kl.12 - 14) der dei vil ha di meining om lokalavisa.

- Lesarane er våre beste kjelder til stoff i avisa. I tillegg til tips om ting å skrive om, vil vi ha ris og ros om det vi skriv om, seier Myklebust.

- Har du ikkje funne heilt ut av e-avisa og dei digitale løysingane våre, så hjelper vi deg med dette, seier Aarskog.

16. mai kjem dei til Olden