Cirkus Arnado viser musklar i manesjen

Ein topptrimma muskelmann står på plakaten når Cirkus Arnardo besøkjer Stryn fredag 11. mai.

Menneskekarusell på 400 kilo: Tunge løft for Denis Ilchenko (33) alias Den sterke mannen når Cirkus Arnado kjem til Stryn komande fredag. Foto: Piet-Hein Out  Foto: Piet-Hein Out

Nyhende

Den sterke mannen heiter Denis Ilchenko og er kjent frå Guinness rekordbok og britiske TV-show. Han trekkjer bilar med tennene, sjonglerer med tunge bildekk, og løftar telefonstolpar over hovudet med halve crewet hengande på.

– Dette er nok noko som nordfjordingane ikkje har sett tidlegare, seier sirkusdirektør Arild Arnardo om hovudattraksjonen. Den nye framsyninga byr også på slangemennesket Kelly Saabel som skyt piler med foten medan ho balanserer på hendene. Kenya Boys byr på fart, limbodans, eld og akrobatikk. Siberian husky og samojedhundar inntek manesjen i ekspress-fart, vakre pintoponniar i fri dressur og Clown Andre kjem også. Alt er med: temposjonglør, illusjonistar og dristig «flyakrobatikk» i ringtrapez. I 2018 er det 250 år sidan det moderne sirkuset vart født i England, i 1768. Dette blir markert over heile Europa.

– For dette er levande underhaldning tufta på rike tradisjonar. Og naturlegvis støypt i ei moderne form som fengjer. Så ja vi viser verkeleg musklar i år, seier Arild Arnardo i ei pressemelding frå Cirkus Arnardo.