"Ligg og skin til spott og spe"

Nyhende

Torsdag i førre veka jobba barn, unge og vaksne med å fjerne rusk og rask frå bygda vår, og her vart veldig fint og ryddig.

Difor må eg berre beklage at eg ligg slik og sleng, ein måndagskveld berre fire dagar etter denne kjempeinnsatsen. Ein «gluping» - berre eg veit kven - kasta meg langt til sides for vegen. Ikkje er eg tom ein gong!

Og her ligg eg og skin, til spott og spe for heile verda, sjølv om det ikkje er mi skuld.

Sjå i nåde til meg og send meg heller i ein panteautomat.

Helsing Boksen (som no er komen på rett plass)

Jarle Hessevik