Nye Volda

Leiargruppa tek form

Første samling: Den komande leiargruppa for nye Volda kommune var samla til sitt første møte denne veka. Rune Sjurgard (midten) er prosjektleiar og komande rådmann i nyekommunen.  Foto: Joakim Rødven

Nyhende

Prosjektleiar og rådmann for nye Volda kommune, Rune Sjurgard, har sett saman det meste av leiarteamet som vil gjelde frå 1.1. 2020. Noverande rådmann i Hornindal, Ann Kristin Langeland, har allereie vore klar for rolla som assisterande rådmann. Ho er førebels den einaste frå denne sida av Kvivstunnelen som blir å finne i leiargruppa.  

• Rådmann: Rune Sjurgard (vedteken i Fellesnemnda)

• Assisterande rådmann: Ann Kristin Langeland (vedteken i Fellesnemnda)

• Kommunalsjef, Helse og omsorg: Svein Berg Rusten

• Kommunalsjef, Oppvekst: Per Ivar Kongsvik

• Økonomisjef: Kari Mette Sundgot

• Personalsjef: Berit Lyngstad

• Kommunalsjef, Samfunnsutvikling: vert avgjort etter ekstern utlysing

Denne leiargruppa vil no mellom anna starte arbeidet med å organisere sektoren/avdelinga si som skal vere gjeldande frå 2020. Dette arbeidet skjer i tillegg til det ansvaret dei har i si respektive kommune i dag.