Ikkje lov å brenne avfall

Skal leverast: Avfall skal leverast på godkjent mottak, ikkje brennast heime.   Foto: Miljøvernavd. hos Fylkesmannen (illustrasjonsfoto)

Nyhende

Brenning av ulike typar avfall kan føre til danning av giftige gassar, som kan gje helseskade og vere ureinande i miljøet.

Skal bålbrenninga vere til glede og hyggje og ikkje til skade og ulempe, minner Fylkesmannen i ei pressemelding om at det berre er reint og tørt treverk som kan brennast. Ei rekkje typar avfall er det ulivleg å brenne heime. Det er t.d. forbode å brenne trykkimpregnert tre, måla/lakka/beisa tre og anna avfall som til dømes klede, bildekk, gamle båtar, plast og papir. Det er heller ikkje lov å brenne næringsavfall på opne bål. Næringsavfall skal alltid leverast til godkjent mottak.

15. april til 15. september er det forbod mot å gjere opp eld i eller i nærleik av skog. Mange stader er òg forbod mot å brenne jonsokbål, eller det må søkast om løyve på førehand. Kommunen og brannvesenet kan opplyse om kva som gjeld i di kommune.

Særleg alvorlege saker med ulovleg brenning av avfall kan verte melde til politiet.