Tildeling 30. mai:

Rekordmykje spelemidlar til Sogn og Fjordane

Atle Skrede i Sogn og Fjordane fylkeskommune er nøgd med ein auke på seks millionar kroner i spelemidlar til fylket.  Foto: Guro Høyvik/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Nyhende

Fredag førre veke kunngjorde Kulturdepartementet fordelinga av spelemidlar til idrettsføremål. Sogn og Fjordane får nesten 60 millionar kroner. Det er rekord og ein auke på over 10 prosent frå i fjor.

– Det er som forventa utifrå ei stor auke i søknadssummen frå 2017. Auken i tilskot frå i fjor er på 6 millionar, og baserer seg på mange gode søknader frå både kommunar og lag og organisasjonar, seier Atle Skrede, rådgjevar for fysisk aktivitet i Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Spelemidlane kjem frå overskotet til Norsk tipping, og går til idretts-, friluftslivs- og nærmiljøanlegg. Tildelinga av midla skjer i hovudutval for næring og kultur 30. mai.