Ei ny bru i samband med ny sti og oppgradering av noverande sti på sørsida av Briksdalen, får 250.000 kroner i støtte frå fylkeskommunen.

Fylkesdirektøren for næring og kultur har gjort vedtak for tildeling av infrastrukturmidlar i reiseliv for 2018. Til saman er det delt ut over 1,1 millionar kroner delt på sju prosjekt - fleire av prosjekta handlar om å legge til rette for vandring, skriv fylkesdirektør for næring og kultur, Jan Heggheim, på nettsida til Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Det var fleire søknadar om infrastrukturmidlane i reiseliv, men berre sju prosjekt fekk tilskot denne gongen. Av desse prosjekta handla fleire om vandring, eit område som er prioritert i fylkeskommunen. Blant anna fekk Turløyper Stryn, Stiftelsen Måløyraid Løypa og Briksdalsbre Fjellstove AS midlar til prosjekt innan vandring.

​Spreiing av trafikk i Briksdalen

Briksdalsbre Fjellstove AS skal opprette ny og oppgradere den eksisterande stien på sørsida av Briksdalen. Prosjektet skal gjere det tryggare for besøkande å gå opp til Briksdalsbreen, samt vere med på å utvide sesongen. Ved å tilrettelegge sti på sørsida av Briksdalen er målet å spreie trafikken og hindre slitasje på naturen.

Fylkesdirektør for næring og kultur gir 250.000 kroner, øyremerka til oppretting av ny bru i samband med ny sti og oppgradering av eksisterande sti på sørsida av Briksdalen.

Ny trase i løypenettet Turløyper Stryn

Turløyper Stryn skal med prosjektet "Produktforbetringar turløyper Stryn - fase 2" legge løypetrase til rette for fleire brukargrupper gjennom fleire sesongar. Turområdet skal utformast slik at flest mogleg skal ha glede av det. Prosjektet er utbygging av traseen "Bjørneløypa", som er ein del av løypenettet Turløyper Stryn. Traseen er på 1,7 km og er ein del av eit løypenett på ca. 40 km.

Fylkesdirektør for næring og kultur gir 110.000 kroner til prosjektet til Turløyper Stryn.