Når Jon-Fredrik «Joffen» Hopland kjem til Malakoff Rock Festival med Lemaitre er det 10 år sidan sist han spelte i på festivalen, då på Luttscena som talentfull tromiss, kjend frå UKM. No kjem han tilbake som proffmusikar busett i USA, med røynsle frå  turnéar på fleire kontinent og erfaring frå festivalar som sjølvaste Coachella.

Sjå link til video frå Vaiven-festivalen nederst i teksten.

Jon-Fredrik, med kallenamnet «Joffen» er oppvaksen i Stryn og valde for fem år sidan å reise til Los Angeles for å satse på musikken. Han kom inn ved Musicians Institute i Hollywood, og la med dette grunnlaget for vidare satsing som musikar.

Seks månadar på turné

Å vere musikar på heiltid betyr mykje reising.

– Det siste året har eg vore på turné i totalt seks månadar med forskjellige band og artistar, fortel «Joffen».

– Eitt av dei banda er den norske gruppa Lemaitre. Sidan eg byrja å spele med dei for to-tre år sidan har vi reist og spelt rundt om kring i heile verda, og no kjem vi faktisk til sjølvaste Malakoff!

Siste finpuss: Joffen justerer cymbalen under lydprøve på Festival Vaiven i Mexico.

- Blir heilt rått

– Du har budd i Los Angeles i fem år, korleis blir det å kome heim og spele på Malakoff?

– Det blir heilt rått. Det følest litt som at eg har “come full circle”. Eg spelte på Malakoff for 10 år sidan, den gongen på Luttscena inne i sentrum, seier Jon-Fredrik, som fortel at mykje av den tidlege karriera hans er knytt til nettopp Eid. Kvart år frå han byrja på trommer spelte han til dømes trommesoloar på fylkesmønstringa i UKM i Operahuset.

– Då hadde eg veldig store mål og draumar om å reise på turnéar verda over og spele store konsertar. Dei siste fem åra, sidan eg flytta til Los Angeles, har faktisk veldig mange av måla og draumane mine gått i oppfylling. Så det blir ganske spesielt å komme tilbake til Nordfjord og spele på Malakoff etter alt eg har gjort og opplevd den siste tida!

«Joffen» legg til at han gler seg til å treffe igjen folk frå heimdistriktet og spele for vener og familie som ikkje har sett eller høyrt han sidan UKM-tida.

– Vi har óg jobba masse med å skape eit skikkelig bra liveshow den siste tida, og konserten vi nettopp spelte i Mexico var den beste vi noken gong har spelt, seier Jon-Fredrik Hopland. – Så dette lovar veldig bra!

Her kan du sjå Joffen og Lemaitre spele på Vaiven-festivalen i Mexico!