Steffen Melheim frå Olden IL fekk opp eit kjempekast i diskos då han deltok i kaststemnet Loggane Open på Rygg i Gloppen søndag.

Melheim kasta diskosen på ein kilo heile 60,21 meter, noko som er bestenotering for 15-åringar i Sogn og Fjordane gjennom alle tider.

Thomas Mardal hadde den tidlegare rekorden med 54,66 meter.

Les også om brødrene Melheim som tok gull og sølv i friidretts-UM tidlegare i år.