Sommarskisenteret opnar 26. mai

Vegvesenet er på det næraste ferdige med å frese vegen og parkeringsplassen på Tystigen.  Foto: Nina Lensebakken

Nyhende

Sommarskisenteret på Strynefjellet opnar for sesongen 26. mai. Dagleg leiar Nina Lensebakken spår ein svært kort sesong.

– Det varme veret dei siste vekene har ført til rekord-rask smelting. Så dei som vil nyte sommarski må vere raske på avtrekkaren. I verste fall klarer vi ikkje halde ope lenger enn til midt i juni, men det kjem an på temperaturen framover, seier Lensebakken.