Vil ha meir dugnad langs vegane

Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen vil gjere det enklare for frivillige å plukke søppel langs vegane. Han gløttar til USA og vurderer å la folk adoptere ein vegstubb.
Nyhende

– Vi har alle glede av at vegane våre og områda rundt blir haldne reine og pene. Det er ikkje bra når regelverk og krav om kursing gjer at dugnadsinnsatsen sloknar, seier samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen i ei pressemelding.

Dugnadsarbeid langs vegen har igjen blitt tema etter at dei som vil plukke søppel frivillig har blitt møtt av krav om kursing. Samferdsleministeren bad i fjor vegstyresmaktene om at regelverket måtte praktiserast på ein formålstenleg måte. No gjentar Solvik-Olsen beskjeden.

– Eg ber no om at regelverket blir forenkla slik at ein enkelt kan drive dugnadsbasert søppelplukking langs alle vegar som er opne for gåande og syklande. For å stimulere ytterlegare til dugnadsarbeid langs vegane har eg også bede Vegdirektøren sjå på korleis ein versjon av "Adopt a highway" kan etablerast i Norge.

I USA kan organisasjonar og grupper "adoptere" ein vegstrekning og ta ansvar for å halde det fint og ryddig langs vegar og i lokalmiljø. Solvik-Olsen ønskjer ei liknande ordning velkommen.

(©NPK)