Dessverre for Stryn vart det tradisjonelle 16. mai-oppgjeret mot Eid ein nedtur.

Eit tidvis ampert oppgjer enda til slutt med 4–1 siger til dei gule og svarte. Dermed måtte Stryn sjå seg slått av Eid på bortebane for andre sesong på rad. Det vart tidleg klart at ingen av laga hadde tenkt å gje ved dørene, og før fem minutt var spelt fekk Stryn sin Petter Hammer tilsnakk etter to seine taklingar. Etter 12 minutt av kampen steig heimelaget sin Håvard Holmevik til vers og stanga inn 1–0 via tverrliggaren. Høgt tempo og raske overgangar prega kampen, og etter halvtimen dobla Eid leiinga. Vegard Vatn Øvreberg skapte nytt håp for Stryn like etter då han var sist på ein corner.

Like før pause vart Håvard Kroken liggande etter ei takling, og Stryn sin midtbanespelar vart etter kvart henta av ambulansepersonell. Heldigvis skal det ikkje vere snakk om brot for stryningen.

I andre omgang eksploderte det, og i løpet av fem minutt fekk Stryn tre gule kort. Eid fekk også ei ny scoring, og temperaturen steig såpass på strynebenken at ein av lagleiarane vart vist vekk.

20 minutt før full tid fekk Stryn straffe, men Vegard Sæten Hopland sitt forsøk vart redda av eidakeeperen. Kristian Lefdal punkterte kampen kvarteret før slutt med si tredje scoring for dagen. Dermed vart alle poenga igjen på Eid.

– Eid får godt betalt som vinn 4-1, og corneren som førte til 1-0var aldri corner. Samtidig er dei gode på overgangar og straffaross. Vi er kanskje litt uheldige og udyktige, og vi har fleiresjansar som bør gje scoring. Men Eid har også sine sjansar, seierein skuffa strynetrenar Geir Inge Rake til Fjordingen etterkampslutt.

Stryn sin midtbanespelar Håvard Kroken måtte ut med det som kan vere ein alvorleg ankelskade. foto: stig høynes Foto: Stig Høynes