Etter 7-0 over Vik på fredag er det eit Stryn med god sjølvtillit som tek den korte turen til Eid og det tradisjonelle 16. maioppgjeret i kveld. Vegard Sæten Hopland var tilbake frå skade mot Vik og kvitterte like godt med tre scoringar.

Eid på si side kjem frå 4-0 siger borte mot Tornado Måløy og ligg i skrivande stund eitt poeng føre Stryn på tabellen. Plassering på tabellen har derimot lite å seie når det er lokaloppgjer, noko Stryn fekk merke då laget tapte fjorårets bortekamp mot eidarane.

Trenar Geir Inge Rake har truleg ein bortimot fulltalig tropp til oppgjeret mot Eid.

– Dei fleste er tilgjengelege til denne kampen. Eirik Sæten slit framleis med ryggen, men Alexander Gudni Jakobsson blir kanskje klar etter å ha vore ute med overtrakk. Vegard Vatn Øvreberg har eksamen i Bergen på onsdag, men rekk truleg kampen, seier Rake.

– Vi er klare til Eid og gler oss. Eg trur det blir ein jamn kamp, men med maks innsats og fokus har vi gode sjansar for tre poeng, seier Vegard Sæten Hopland til Fjordingen.

Stryn sin trenarduo, Geir Inge Rake (t.v.) og Asbjørn Tenden, ser fram til lokaloppgjeret mot Eid. Foto: Stig Høynes