At 17. mai toget var tilbake med stopp og program ved omsorgsenteret var det mange som sat pris på.

- Ja, dette var aldeles fantastisk. Dette er det mange som set pris på, det er eg sikker på. Vi har sakna toget her, seier ein strålande nøgd Lars Greidung på 89 år.

- Å sjå slikt eit folkehav med glade folk gjer godt på ein dag som dette, fastslår 89 åringen.

Grunna utbygginga av omsorgssenteret i Stryn har programmet etter 17. maitoget på føremiddagen vore arrangert ved Tonning skule dei siste åra.

NB: Tekniske problem med eit minnekort i kamera som vart nytta under 17. mai, har ført til at ein heil del bilete frå nasjonaldagen i Stryn sentrum diverre ikkje lar seg publisere på nett eller papir.