Etter at harpist Stella Birthe Poland frå Hornindal ikkje gjekk vidare til finalen, er det berre Oddbjørn By igjen i Norske Talenter som har tilknyting til Sogn og Fjordane. Han er fødd og oppvaksen i Førde, men har også mykje slekt og vener i Olden, der han har feriebustad. Der bur også mor, far og broren Jogeir med familie.

Oddbjørn By har imponert med sine hukommelseskunster. Dommar Bjarne Brøndbo fortalde at han var skeptisk då Oddbjørn sa han skulle underhalde med hukommelse. Men Brøndbo vart, tilliks med dei andre dommarane, mektig imponert. – Du får noko så kjedeleg som venting til å bli underhaldande. Heilt fantastisk, sa Brøndbo etter By sin første opptreden.

Finalen i Norske Talenter går i kveld, 18. mai.