Helse- og omsorgsdepartementet vil kartlegge om det er kommunar i Sogn og Fjordane som ynskjer å delta i ein prøveordning med å ta over ansvaret for tannhelsetenesta frå Sogn og Fjordane fylkeskommune frå 1. januar 2020.

I første runde omfattar den om lag 15 kommunar. Helse- og sosialutvalet handsama saka først og vedtok å takke nei til å søke.

– Det er ikkje rom i administrasjonen til å ta på seg ei så omfattande oppgåve utan å tilsette ekstra ressursar, heitte det av vedtaket.

– Altfor defensivt

Då Stryn formannskap handsama saka førre veke var tilrådinga altså å takke nei, men Per Kjøllesdal (Sp) meinte å ikkje vise interesse til å søke var ei altfor defensiv haldning til noko som han meinte vil gi både tilskot og nye arbeidsplassar til Stryn.

Han kom med følgande endringsframlegg:

– Stryn kommune ynskjer å delta i prøveordning om å ta over ansvaret for tannhelsetenesta frå Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Det vart røysta over endringsframlegget som fekk 6 mot 1 røyst etter ein lengre diskusjon.

– Svært omfattande

Før handsaming i kommunestyret tysdag hadde kommunalsjef Heidi Vederhus skaffa meir informasjon slik at kommunestyret kunne ta stilling til ein eventuell søknad.

Vederhus viste til det fylkeslegen hadde sagt og argumenterte tungt for kvifor ansvaret blir for omfattande for Stryn kommune.

Skeptisk Kommunalsjef Heidi Vederhus argumenterte om kvifor Stryn burde takke nei til ansvaret. Foto: Roger Oldeide

Etter orienteringa gav fleire uttrykk for at ansvaret truleg ville bli for stort. Klemet Bø (KrF) la fram den opphavlege tilrådinga om å takke nei som endringsframlegg.

Sonja Øvre-Flo (H) meinte det likevel burde vere interessant å prøve og støtta Kjøllesdal frå talarstolen.

Sistnemnde la inn eit tillegg om at ordninga må vere tilfredsstillande finansiert før kommunestyret gjekk til gruppemøte.

Endringsramlegget frå Klemet Bø (KrF) framlegget fekk 7 røyster medan Per Kjøllesdal (Sp) sitt framlegg fekk 19 røyster og fleirtal.

Stryn kommune søkjer såleis om deltaking i prøveordninga.