– Vi forventar ein vanskeleg kamp mot Førde. Det seier Stryn sin dametrenar Halvard Bøe før oppgjeret mot sunnfjordingane fredag.

Førde er eit av laga som Bøe før sesongstart forventa ville vere med i toppen. Så langt har det starta litt trått for Førde, med ein siger og tre uavgjorte kampar. Det er såleis to lag utan tap som møtest i Hafstadparken i kveld.

Må prestere

– Vi må prestere vårt beste for å vinne denne kampen. Men jentene har vist ei veldig god haldning inn mot kamp i heile vår, så eg har god tru på at det skal gå også denne gongen, seier Bøe.

– Korleis er det med skader inn mot denne kampen?

– Maria Belinda Bergset er usikker, elles ser det bra ut, fortel Bøe.

Balestrand måndag

– Vi har også kamp borte mot Balestrand på måndag. Då er det litt meir usikkert om vi stiller fulltalig på grunn av eksamenslesing. Det er ein kamp vi kan og bør vinne, men Balestrand har ein spiss som åleine fort kan øydelegge for oss, advarar Halvard Bøe. Anne Aune har scora 12 av Balestrand sine 13 mål til no i sesongen.

Stryn ligg før oppgjera mot Førde og Balestrand på 2. plass med 10 poeng på fire kampar.