Med godt over 1.000 besøkande på dagtid og nokre hundre på kveldstid kan ein trygt seie at eittårsfesten til Loen Skylift laurdag vart ein suksess.

Frå tidleg føremiddag til utpå ettermiddagen var det barnefamiliane som stod i fokus. Nede ved fjordstasjonen hadde brannvesenet stilt seg opp med bilar, båtar og anna utstyr. Mange ungar var nysgjerrige på brannbilane, og fleire tok seg ein båttur ut på fjorden. For dei aller minste var ansiktsmåling ein populær aktivitet.

Gondolen gjekk også på høggir laurdag. På Hoven var det lagt til rette for ei rekkje med aktivitetar.

Du kan lese meir om eittårsmarkeringa til Loen Skylift i papiravisa.