Det er gjort vedtak om å takke ja til tilbodet om «Dagsturhytte» med kommunal medfinansiering på kr 100.000. Av fleire årsaker er behovet for kommunal medfinansiering auka til kr 200.000, alternativt kr 285.000 om ein skulle velje tilleggsleveranse som toalett og lys.

Det vart peika på manglande midlar i driftsbudsjettet og behovet for ei toalettløysing, eventuell ei rimelegare løysing enn oppført, vart difor diskutert under formannskapet.

Klemet Bø (KrF) tok til orde for at ei tilfredstillande toalettløysing måtte på plass før hytta skulle takast i bruk. Han fekk fleirtal for sitt endringsframlegg om at både toalett og solcellepanel måtte med i finansieringa.

Torstein Tvinnereim (V) poengterte at hytta kom til å bli mykje brukt av born og ungdom og at toalettfasilitetar måtte vere med.

Under kommunestyret tysdag kom Sonja Øvre-Flo (H) med endringsframlegg om rådmannen sitt opphavlege framlegg der toalettløysinga ikkje er medrekna.

Bø sitt framlegg om ein kommunal eigenandel på kr. 305.000, fekk 13 røyster og fleirtal.

Hytta blir lokalisert på austsida av Vikalelva mellom Stryn sentrum og Hydla, men det er enno ikkje avklart korleis, eller kven som skal drifte hytta.