Fleire av innbyggjarane i Loen har engasjert seg i korleis den pågåande taktekkinga av kyrkja føregår. Knut Tjugen er ein av dei som meiner at måten det vert gjort på berre vil bidra til at dei tidlegare lekkasjeproblema dukkar opp att.

– Det vanlege er å lekte opp eit tak og ikkje legge skiferen rett på taktroa. Det viste seg at det var kome mykje ròteskade. Og på loftet var det fullt av bøtter i fleire tiår for å ta imot vatnet, fortel Tjugen.

Han har sjølv sete i både soknerådet og fellesrådet i seks år, og har eit engasjement for den om lag 180 år gamle kyrkja i heimbygda. Han ser føre seg at det kan bli nye rundar med vassbøttene når Riksantikvaren er så standhaftig på å gjere det på «gamlemåten».

– Eg trudde kanskje dei var inne med midlar, og visst ein trakk dei tilbake og la meir i det sjølve, så kunne ein få gjere det på annan måte. Men slik var det ikkje. Ein har jo lyst til at det skal vare, og det er ei stor utgift for kommunen. Men så får ein ikkje gjort det på skikkeleg måte, fortvilar Tjugen.

– Vi er nokre som har engasjert oss, og som er bekymra, men no får dei berre køyre løpet, seier han.

– Ville endra profilen

Det er firmaet Stokk og Stein frå Lom som står for arbeidet på kyrkja, medan det er Riksantikvaren som legg føringar for korleis det skal gjerast sidan det er eit verneverdig kulturminne. Kyrka frå 1837 er rekna som ei av dei best bevarte åttekanta kyrkjene i Norge. Den er også ei av dei minste kyrkjene i Nordfjord.

Ingeborg Magerøy, seniorrådgjevar hos Riksantikvaren, Seksjon for vern og utvikling av bygningar og grøntanlegg, forklarar kvifor dei er opptekne av å gjere det på «gamlemåten».

– Dersom det skal leggjast papp må ein ha sløyfer og lekter. På grunn av dei tunge skiferhellene må ein ha kraftige spiker. Vi spurte først Stokk og Stein om ein kunne bruke smalare lekter, som ikkje byggjer så mykje. For utsjånaden er veldig lekker, og dette har vore den opphavlege utsjånaden sidan 1837, og den er mykje verdt å oppretthalde. Byggjer ein opp med kraftigare lekter på grunn av tyngda av hellene, blir det 10 cm høgare og ein får ein annan profil på raftene og anna form på takutstikket, forklarar ho.

– Beheld den fine arkitekturen

Ho understrekar at dei i prosessen har vore veldig opptekne av dei tekniske løysingane, og det er her den tunge avveginga kjem mellom estetikk og det praktiske.

– Vi har hatt grundige møter og diskutert saka med tre teknikarar til stades. Dette har vore drøfta inngåande, seier ho.

Ho meiner den opphavlege løysinga med å legge skiferen rett på treverket trass alt har fungert godt lenge.

– Løysinga har fungert i mange år. Så har det langt om lenge byrja å oppstå problem, seier Magerøy. Ho påpeikar også at det blir gjort nokre nye grep som ho meiner skal auke levetida til det nye taket.

– Skadane har i stor grad oppstått ved gradrennene, der det ligg metallbeslag under skiferen, der takflatene møtes. Dei har nok vore for smale så no legg vi breiare beslag, seier Magerøy. Ho fortel at det også blir teke grep ytst på kanten av taket, der det har samla seg fukt tidlegare. No har dei utfordra Stokk og Stein til å kome opp med løysingar i høve lufting her.

– Så oppsummert beheld vi løysinga som trass alt har fungert, men utbetrar på dei mest kritiske punkta. Såleis beheld kyrkja sin veldig fine arkitektur, avsluttar Magerøy.