I rapporten seier Vegdirektoratet at det er krevjande, men mogleg å overføre ansvaret for fylkesvegane frå Vegvesenet til fylkeskommunane frå 2020, slik Stortinget har bedt om. Likevel tilrår dei at dagens ordning med sams vegadministrasjon for riks- og fylkesvegane blir vidareført, men med sterkare fylkeskommunal styring og rom for lokale tilpassingar.

I ei felles fråsegn reagerer fylkesleiarane på talet tilsette som Vegdirektoratet oppgir at arbeider med fylkesvegoppgåver: 4.000–4.500. Det talet meiner dei er urovekkjande høgt, og peikar på at oppgåveoverføringa berre gjeld administrative oppgåver, ikkje sjølve drifta, vedlikehaldet og bygginga av vegane.

– Dette er oppsiktsvekkjande høge tal på administrasjon. Det er store uløyste oppgåver på vegnettet i Norge, og når vi veit at Nye Veger AS administrerer riksvegutbygging for 130 milliardar kroner med 126 tilsette, er det all grunn til å stille spørsmål ved måten dette arbeidet er organisert på gjennom Vegdirektoratet, seier leiaren av fylkesordførarkollegiet, fylkesordførar Tore O. Sandvik i Trøndelag.

Fylkesordførarane vil derfor no be om eit møte med samferdselsministeren for å diskutere ressursbruken i vegstellet.

– Norge er har store uløyste oppgåver knytt til veg, og det er derfor særs viktig at dei ressursane Stortinget og fylkeskommunane stiller til rådvelde i størst mogleg grad går til veg, ikkje administrasjon, seier Sandvik.

Det er Stortinget som har bedt regjeringa sørgje for at dei nye fylkeskommunane overtar den regionale vegadmistrasjonen frå Vegvesenet i samband med regionreforma.

(©NPK)