Stryn sine 3. divisjonsdamer i fotball gjekk på sesongens første tap då laget møtte Førde fredag kveld.

På kunstgraset i Hafstadparken i Førde vart det til slutt 0–4 for Kaisa Vollsnes Wemby og co.

Til pause stod det allereie 3–0 til sunnfjordingane etter hat trick av Linda Saltskår Kalstad, som var ein stadig trussel mot strynemålet.

-Vi fekk ikkje ut vårt beste i går. Førde er litt betre i press, pasningsspelet deira var betre og dei hadde ein knallgod spiss. 4-0 gjenspeglar ikkje banespelet, men er nok riktig i forhold til sjansestatistikken. Vi kan betre, og vi veit kva vi må gjere betre, så vi skal slå tilbake, seier trenar Halvard Bøe.

Stryn stilte med dette laget: Anna-Sofie Auflem, Guro Myklebust, Astrid Bjørke, Hege-Renate G. Espeland, Saeideh Tajik, Hedda Vatn Øvreberg, Anna Johannsdottir, Karoline Flo, Siv Visnes, Karoline N. Otterdal, Kaisa Vollsnes Wemby, Andrine L. Bøe, Mariell taraldset, Katrin Oppheim.

Måndag er det klart for ny bortekamp for Stryn når Balestrand er motstandar. Ein kamp Halvard Bøe meiner laget kan vinne om dei passar påBalestrand sin spiss:

- Det er litt usikkert om vi stiller fulltalig på grunn av eksamenslesing. Det er ein kamp vi kan og bør vinne, men Balestrand har ein spiss som åleine fort kan øydelegge for oss, advarar Bøe. Anne Aune har scora samtlege av Balestrand sine mål, minus eitt, for sogningane til no i sesongen.

Stryn ligg på 2. plass på tabellen før oppgjeret mot Balestrand.